HAAVETUNET5.jpg

Gode og særprega lokale tilgjengeleg for kurs, møter og andre arrangement

historie

Haavetunet si historie går tilbake til året 1850. Det året kjøpte Anders Haave eigedommen av Ludvig Martens som dreiv vertshus og skysstasjon i Hellevik rett nord for Stavang. Anders Haave tok seinare namnet Anders Nielsen Haave fordi han gjekk inn i Haugianarrørsla, skipa av Hans Nielsen Hauge. På den tida vart derfor Haavetunet brukt til samlingsstad for Haugianarane i Sunnfjord.

Gardstunet, som no er skilt ut frå garden, har følgt Haaveslekta heilt frå 1850, og det er i dag 6. og 7. generasjon som er eigarar. På garden har det vore drive ei rekkje næringar som gardsdrift, skogsbruk med sag og høvleri, landhandel, postkontor, fiskemottak og salteri, revefarm og båtskyssforretning. Malene Haave, kona til Anders Haave II, var i ei årrekkje jordmor i Bru. Inger Johanne Jebsen Haave, som var gift med Nicholai Haave II, dreiv ei kort tid som dyrlækjar i distriktet. På 1950 talet vart det drive jordbruk etter antroposofiske og økologiske prinsipp, då Inger Johanne var tilhengar av Rudolf Steiner rørsla. Anders Haave III som eigdegardstunet fram til 2014 er i dag eigar av skogen og gardseigedomen og driv framleis byggjevarefirma.

Stavang

Haavetunet ligg i Stavang som er ei grend mellom Førde og Florø med ei unik plassering mellom fjell, fjord og hav. 

Tidlegare var det ein stad med jordbruk, fiske og handel. I dag er det ein plass som stadig fleire søker til for fritid og rekreasjon. 

5.png
IMG_6998.2.jpg

KURS, møter og selskap

Haavetunet er ideelt til kurs, møter og selskap for opp til 28 personar. Her finn du eit stort møterom, to romslege grupperom og stort kjøken. Den store hagen og nærleiken til fjell og sjø gjev gode moglegheiter til å kombinere møte med friluftsaktivitet og avkopling. 

Møterom:

Spisestove på 50 kvm - Plenumrom med plass til 30 personar i møteoppsett. 

Hallen på 25 kvm - Grupperom med plass til 10 personar.

Den gule stova på 25 kvm - Grupperom med plass til 10 personar.

Overnatting

Vi kan tilby 7 overnattingsrom: 6 rom med dobbeltseng og 1 med enkeltseng. I tillegg kan vi nytte ei separat leilegheit med 1 rom med dobbelseng og 1 rom med enkeltseng. I sommar sesongen kan vi og nytte to sovesaler på loftet med i alt 7 senger

Her finn du oss

Med bil køyrer du til Eikefjord på RV 5, midt mellom Førde og Florø. Her tar du av på Fylkesvei 611 til Stavang. Køyretid frå Florø og Førde er ca. 40 min frå begge stader.

Informasjon og tinging av plass:

Ta kontakt med Atle Jordahl på tlf.: +90614565 eller email: atle@haavetunet.no

Atle.jpg
 
 
IMG_0089.JPG

ferie og langhelg

Haavetunet er særlig godt egna for ferie og langhelg for storfamiliar og vennegrupper. Med opp til 20 senger, stort kjøken og 3 store stover er her god plass både for vaksne og born. Den store hagen og tunet gjev og høve til uteaktivitetar av mange slag. Nærleiken til sjø, fjell og skog med bær og sopp byr også på mange moglegheiter. Sjøen ligg 50 meter fra huset og båt med båtplass følgjer med. Fiske er godt.

I sommarsesongen, frå og med mai til og med september, kan Haavetunet leigast på vekebasis. Huset kan og leigast for langhelg heile året. For ei samling over fleire dagar i samband med åremålsdagar og liknande er Haavetunet perfekt. Her kan det dekkast til festmiddag for 28 personar rundt eit gedigent langbord.

Meir informasjon finn du på: http://m.finn.no/r/feriehus-hytteutleie/ad.html?finnkode=82684720

Location

Haavetunet is situated in the small village Stavang, at the northern side of the inlet to the Førde Fjord in Southern Norway. The property contains three buildings that form a courtyard and is surrounded by a spacious garden. The main building contains 7 bedrooms with 13 beds, a large kitchen and several living rooms. Haavetunet dates back to 1850 and belongs now to the sixth and seveth generation after the first owner, Anders Nielsen Haave.

Rental opportunities.

·       Meetings and seminars for max 30 persons. For overnight stays, the number of bedrooms is limited to 7 double and 1 single. In the summer season 7 beds are availeble in the attic. A separat apartment with 3 beds, kitchen and toilet can be available on demand. 

·       Holiday/weekends. Haavetunet and its surroundings is particularly well suited for groups of families and friends. The spacious house and the garden represent unique opportunities for activities for children and adults. In Stavang, you are close to the ocean with access to deep water fishing as well as mountain hiking in the famous Norwegian Fjord District.  For availability and prices see: http://m.finn.no/r/feriehus-hytteutleie/ad.html?finnkode=82684720


 Nøgde Gjester

-Kan berre anbefale denne plassen. Har hatt ei fantastisk helg i Haavetune med heile storfamilien Fantastisk hus og eigendom. Hyggjeleg vert..
Ingvild Førde Torvanger, Florø
-Takker for vellykka kursopphald hos deg i går. Lokalet, maten og staden du er på passa oss heilt supert i går. Vi kjem gjerne igjen når det passar med samling i Stavang
Ingolf Bergh, Driftsingeniør SFE

-Hei Atle og takk for glimrende opphold og god nattesøvn.
Helge U. Olsen, Daglig leiar og kurshalder. HANOR AS Sandnes

-Ein wunderschoener ort, ein Haus mit Atmosphere, ein Platz fyr gute Menchen. Ich, ein Gast liebe Haavetunet.
Hermann Muigg-Spoerr, Tyskland

-Mange takk for fint opphold (god mat, velfungerende møterom og hyggelig vertskap) da ledergruppa i kirurgisk klinikk hadde heldagsmøte på Haavetunet i april 2018.

Mvh Trine Vingsnes, dir. kir. avd. Helse Førde

- Tusen takk for eit flott opphald på Haavetunet! Me var ein storfamilie på 13, der alle tre generasjonar storkosa seg i det flotte huset, i den nydelege naturen og med alle kjekke aktivitetar: fiske, fjelltur, båt, grilling og mange ulike leikar i hagen!

Ingrid Walaker Tveito, Kaupanger